Æreskniv til Petra Kjellen Brook
Petra Kjellen Brook har blitt tildelt Æreskniv av Norsk speiderforbund
Petra har vore speidar heile livet. Ho har hatt eit stort engasjement for speidersaka sidan ho var lita jente heime i Sverige. 16. juni 2024 hadde gruppa sommaravslutting og Petra fekk overrakt Æreskniv frå Norsk speiderforbund.
Allereie som tenåring hadde ho ansvar for mat og logistikk for tusen speidarar på leir. Seinare har ho hatt mange år som leiar i Oslo FA 3. korps før ho sat kursen mot Moss. På dette tidspunktet var det inga FA-speidergruppe i Moss sidan den gamle gruppa, 7. Moss, var lagt ned.. Petra revitaliserte då gruppa som Moss FA speidergruppe. I fyrste omgang som ei familiespeidergruppe i Frelsesarmeens speidere. Men frå 2009 som ei fullverdig speidergruppe i Norges speiderforbund.
Petra har lagt ned ein formidabel innsats i Moss FA speidergruppe som flokk-, tropps- og gruppeleiar og har i periodar vore einaste leiaren. I tillegg til alt arbeidet ho har lagt ned i speidergruppa, har ho og vore instruktør på «Trygge og inkluderende møter» i Frelsesarmeens speidere.
Me i Moss FA speidergruppe og tilsette og frivillige i Moss Korps er stolt over Petra og det ho har gjort gjennom åra. Ho fortjener Æreskniv frå Norsk speiderforbund – eit stort gratulerar frå oss alle.