JOTA JOTI 2023

24 oktober, 2023 av Marianne Brattås

JOTA JOTI

Tredje helgja i oktober er det tid for JOTA JOTI. Jamboree on the air  Jamboree on the internet er verdas største speiderleir med 22 millionar deltakarar frå heile verda.

Dei siste åra har gruppa delteke på fellesarrangement på Kvernmoen leirsted i Aremark, men speidarane har hatt lyst til å ha eige arrangement, så i 2023 blei det det.

Ved deltaking på JOTA kommuniserer speidarane med kortbølgeradio og må ha ein lisensiert radioamatør med heile tida. På JOTI, derimot, føregår all kommunikasjon over internett. ScoutLink er WOSM (World organization of the scout movement) sitt offisielle IRC-nettverk for speidarar og har i tillegg til IRC, Teamspeak for å kunna snakka saman og Minecraft for å kunna spela saman.

JOTI i Moss

Laurdags morgon rigga ein liten gjeng seg til i underetasjen på Frelsesarmeen Moss klare for å delta på JOTI. Dei kobla opp PCar, nettbrett og telefonar og var klare for kontakt med verda utafor Moss. Ei ny knappenål kom på kartet for kvart land dei snakka med. Sakte men sikkert vart kartet fyllt opp med nåler. Ikkje alle land vart representert, og nokre land starta sitt JOTI arrangement når me avslutta på søndagen. Og nokre land er aktive når me søv. Likevel møtte me speidarar frå Storbritania i vest og rundt heile kloden til Washington før me pakka saman og sa takk for oss på sundagen.

 

Utetid

Kva er vel speiding utan litt utetid? Speidarane våre var påmeldt Nordic Puzzle, så dei måtte ut og løysa oppgåver. Dette er eigentleg eit JOTA-arrangement kor speidarane skal snakka med andre speidarar som og utveksla bokstavkombinasjonar over kortbølgeradio. Hos oss vart dei sent ut to og to og skulle kommunisera via mellom anna semafor, fonetisk alfabet ved hjelp av walkie talkie og morse. Både semafor og morse var heilt nytt for speidarane, og dei måtte i tillegg bygga sin eigen morseblinkar før dei kunne gå ut.

 

 

Festmiddag og leirbål

Me feira (nok ein gang) at Frelsesarmeens speidere er 100 år i 2023. Veret var ikkje heilt på vår side, så leirbålet var inne. Ein hyggeleg kveld før det var tilbake til skjermen og fleire samtalar og meir gaming.